Foredrag: Nordahl Grieg – diktar og soldat

Foredrag i Oslo Militære Samfund, 25. april 2005
Ved
Forfattar Edvard Hoem

 

Nordahl Grieg – diktar og soldat.

 

Kjære publikum,

La meg først få lov til å takke for at Oslo Militære Samfund i jubileumsåret 2005 lar meg få lov til å heidre minnet til ein stor diktar og norsk patriot som døde for vårt land under den andre verdskrigen, da flyet han var om bord i, fall ned over Berlin natt til den 3. desember 1943.

La meg også få gi uttrykk for den forundring eg kjenner når eg ser det synet som samtida har på våre heltar og våre falne. I kampen mot overdriven festtalar og store ord ser det ut til at ein heller ikkje greier å bevare minnet om dei som faktisk ofra alt for å nedkjempe det verste tyranni som verda har sett: Nasjonalsosialismen. Det er ikkje for deira skuld, men for vår eiga skuld vi bør stanse opp når nasjonen feirar og spørja: Er det sikkert at vår framtid er lys, og vår fridom trygg? I Nordahl Griegs avgjerande år var forsvaret for fred og fridom forsømt av politikarane i mange parti, men den lærdom som ein skulle trekke av denne historia, ser det ut til å vera få som tenker på i dag, da situasjonen igjen tilsynelatande er harmonisk i vår del av verda. Det er ikkje alltid riktig at forfattarar skal opptre som politiske profetar, men eg vil nytte sjansen til å åtvare kraftig mot den populære ideologien som også i dag hardnakka hevdar at ingen farar truar Norge. Om ingen av oss kan sjå inn i framtida, burde vi kjenne fortida og den allmenne sanninga at ingen ting vil for alltid bli slik det er, og ingen fred varer dersom det ikkje finst vilje til å forsvare den.

 

Forfattaren Nordahl Grieg var berre to år gammal da unionen med Sverige vart oppløyst i 1905, men livet hans ber preg av at den åndelege arven frå dette vendepunktet i norsk historie var levande i hans barndomsheim og oppvekstmiljø. Det overveldande bidraget til norsk sjølvforståing og utvikling som kom frå den store slektningen Edvard Grieg, var med på å forplikte hans livsgjerning. Men også ein annan slektning, skolemannen Nordahl Rolfsen, var ein av forfedrane hans. Nordahl Rolfsen var mannen som skapte det første verkeleg nasjonale leseverket, Nordahl Rolfsens lesebok, som både i våre foreldres og besteforeldres tid var ei felles skattkiste for skoleungdom i heile landet, i bygd og by. Mange har som eg opplevd korleis mor og far på sine eldre dagar tok fram Nordahl Rolfsens lesebok og gledde seg over gjensynet med dei meisterlege forteljingane der, anten det no var historia om Vesleblakken eller Ibsens dikt om Terje Vigen.

Den nasjonale vårstemninga frå 1905 ligg som eit lys rundt Nordahl Griegs barndom, men så kom den første verdskrigen og endevende alle dei store håp og forventningar som hans foreldre hadde til det tjuande hundreåret som fredens og framskrittets hundreår.

Nordahl Grieg var født den 2. november 1902 i Welhavensgate 23 i Bergen, men da han var seks år gammal, flytte familien til Hop i Fana, og der opplevde han sine viktigaste barndomsår. Han begynte på Hambros skole i Bergen, men skolen brann, og den unge eleven vart saman med dei andre flytta over til Bergens Katedralskole, der han skreiv sine første dikt, blant anna eit fredsdikt om den såra soldaten på lasarettet, som ikkje kan bli kvitt minnet om tyskaren som han støytte ned.

Den unge Grieg hadde ein sterk trong til å oppleva verda. Han tok hyre som førstereisgut på lasteskipet Henrik Ibsen av Kristiania, og fekk oppleva dei harde vilkåra som norske sjøfolk levde under, noko som for alltid skulle prege den sosiale innstillinga hans.

I 1921 kom han tilbake til Kristiania og gjekk inn i journalistikken. Han fekk jobb i Tidens tegn etter bror sin Harald, og han debuterte som forfattar, med diktsamlinga Rundt Kap det gode Haab den hausten han fylte tjue år.
Han reiste til Finnmark for å sjå dei meir eksotiske delene av det landet som han seinare skulle gi livet for, og utvikla det som skulle bli ein livslang kjærleik til det nordnorske landskapet og folket. Det følgjande året studerte han ved Wadham College i Oxford, og tjuefem år gammal la han ut på sitt livs store reise, da han reiste til Moskva og kom med den transsibirske jernbanen til Kina.

Slik skulle han koma til å oppleva på nært hald den demokratiske revolusjonen i Kina i 1928-30, og frå no av bli både livet og forfattarskapen meir og meir fokusert rundt det som skulle bli hans hovudtema både i diktinga og i livet: Kor mye vald og våpenmakt er nødvendig for å sikre freden og rettferda i verda?

Dilemmaet blir aldri løyst, men den unge mannen med sterkt pasifistiske tendensar oppdagar at det ikkje finst noko enkelt svar, og at mennesket alltid må vera villig til å slåst for det som er dyrebart for oss. Det er dette han tar konsekvensen av da han kjem tilbake til Norge i 1927 og legg ut på ei reise til Alta og Finmark, der han slår seg ned ein heil vinter og til og med har planar om å slå seg ned som bureisar. Han reiser omkring i landsdelen, og den bergenske borgarsonen blir kjent med slitets folk, arbeidets folk. Det er her han melder seg til militærteneste, på Altagaard, og han blir menig soldat som gjer si førstegongsteneste som fløymann i Alta bataljon. Han ekserserer heile sommaren 1929 og kan stolt melde til sine foreldre at han ikkje berre er godkjent som skyttar, men at han også får karakteren god, den beste karakteren ein kan få.

Nordahl Grieg blir fortruleg med det jamne folket som han oppheld seg saman med, og han reiser ikkje eingong til Oslo til premieren på En ung manns kjærlighet, skodespelet som han debuterte med på Nationaltheatret i 1929. Han er på Finnmarksvidda med samane under reinflyttinga, og meir og meir går det opp for han kva det er han skal dikte om:

Les:

Morgen over Finnmarksvidden, Samlede dikt s. 75.

 

På dette tidspunktet har Nordahl Grieg begynt på den lange livsreise som innebar at han aldri sidan fekk nokon fast bustad, når ein ser bort frå nokre korte månader da han hadde hybel i 1937 i Bygdø Allé. Han reiser vidare frå Finnmark til Sørland og Vestland, han skriv store diktfresker og blir meir og meir fanga av idéen av at han skal skildre sjølve landet Norge i storslåtte fargar, som arbeidets land, slitets land, men også som skjønnhetens land.

Da diktsamlinga Norge i våre hjerter kom ut i 1933, stod Nordahl med eitt i fremste rekke som fedrelandsdiktar, og det gav han ein folkeleg popularitet som sidan aldri skulle falme, men det var også dei som mislikte hans fedrelandskjærleik sterkt. Det fascistiske fedrelandslaget har fått sin dikter, skreiv den raudaste av dei raude sosialistar, forfattar og redaktør Johanna Bugge Olsen i den kommunistiske avisa Arbeidet i Bergen. Det var ein urettferdig og tankelaus påstand, men Nordahl skulle lide under den, og da mor hans faktisk melde seg inn i Fedrelandslaget, kommenterte han det med å seia at ho hadde tid til altfor meget. Det burde ein gong for alle gjera slutt på rykta om at han hadde sine sympatiar der.

1930 var på alle vis ei ulykkeleg tid. Aldri var den ideologiske striden i Norge så uforsonleg som da, aldri var det politiske klimaet så forgifta. På den eine sida stod kommunistane som hadde lite anna enn forakt til overs for fedreland og flagg, på den andre sida nazistar og fascistar som såg med den største entusiasme på det politiske eksperimentet som var i ferd med å utvikle seg under Hitlers leiing i Tyskland. Nordahl Grieg reiste til Moskva, vart borte i to år og kom tilbake som glødande forsvarar for den sovjetstaten som voks fram under Stalins leiing. Han stilte seg ukritisk til dei politiske prosessane som snart skulle forskrekke verda. Det skulle bli ein del av Nordahl Griegs personlege tragedie at til og med hans eiga venninne og elskarinne i tida hans i Moskva, Vega Linde, vart eit offer for Stalins utrenskingar og fekk fem år i konsentrasjonsleir og husarrest. Den næraste av forfattarvennene hans, Boris Pilnjak, vart skoten i 1940.

Nordahl Grieg skulle aldri få greie på den skjebne som skulle ramme dei. Han stod i striden i Norge, hadde stor suksess som teaterdiktar med Vår ære og vår makt og Nederlaget, men vart også i stor grad ein mann som var isolert på den politiske venstresida og blant sine eigne, eller dei han vart rekna til, nemleg kommunistane, som han heller ikkje alltid kom like godt overeins med. Han hadde kompromittert seg, meinte mange.

Det heftet noe ved ham! hugsar eg Arne Skouen sa til meg, da vi for snart tjue år sidan arbeidde saman i Dagbladet.

Nordahl Griegs syn på Sovjet må bli sett i lys av tida, men han går ikkje fri for ein alvorleg kritikk. Han l€t seg blende og forføre av eit propaganda-maskineri som han i alle fall etter ei tid burde ha gjennomskoda. For han var det einaste og altoverskyggande at ein måtte bygge opp ein brei motstandsfront mot den gryande fascismen. Dessverre gjorde det at han kom til å svelge altfor mange uhyrlege overgrep frå Sovjetregimets side. Frå 1935 dreiv han tidsskriftet Veien frem, med voldsomme angrep på Quisling og bitre oppgjer med Knut Hamsun, som hadde aust ut sin harme fordi den norske nobelkomiteen ville gi fredsprisen til den tyske pasifisten Carl von Ossietsky. Han skreiv profetisk om kva Quisling hadde som planar, i artikkelen Slik blir en fører til. Han kom også i sterk opposisjon til den norske regjeringa, trass i at det var ei regjering utgått av Arbeiderpartiet. I Spania vart den republikanske regjeringa angripen av general Francisco Franco, som med tysk og italiensk ryggstøtte bomba spanske byar og landsbyar. Men vestmaktene bestemte seg for ein ikkje-intervensjons-politikk som fekk som konsekvens at den spanske regjeringa berre kunne rekne med hjelp frå Sovjetunionen og dei tusenvis av europeiske frivillige som reiste for å kjempe for republikkens sak. Også Nordahl Grieg tenkte ei stund på å melde seg som frivllig, men da han omsider kom seg av garde, var det som pressemann og journalist. Han reiste via Paris og over Pyreneane inn via den spanske grensebyen Cerbere og inn i Spania. Han kom til skyttargravene, der likstanken steig, i det den norske regjeringa gjorde det straffbart for nordmenn å melde seg til dei internasjonale brigadane. Han låg på ryggen i graset på den spanske høgsletta medan bombeflya kom. Om sommaren reiste han heim, men uroleg og oppriven enn nokonsinne. Moskvaprosessane gjekk mot høgdepunktet, situasjonen i Europa var mørk som på svartaste vinteren. Han reiste til Spania da hausten kom, og var vitne til dei avgjerande kampane om Teruel saman med den norske journalisten Lise Lindbæk. Først i slutten av februar 1938 var han tilbake i Norge. 15. mars melde dei russiske avisene at dei gale hundane, det vil seia partimedlemmene Bukharin, Kamenev, Sinovjev, og Rykov var avretta ved skyting.

Nordahl Grieg reiste til Ny Hellesund på Sørlandet for å gjera ferdig eit litterært verk han hadde streva med i mange år, det som skulle bli den store advarselsromanen mot fascismen, og som han først fekk frå handa langt på hausten: Ung må verden ennu være. I denne boka er det ingen plass for kritikk mot regimet i Sovjetunionen.

Forfattaren forsvarar Moskva-prosessane som nødvendige. Han vart mottatt med jubel av kommunistane, og sjølv ein mann som Johan Borgen, som omtalte boka i Dagbladet, hylla den som eit meisterverk, eit gigantisk verk, eit genialt opplysande kampskrift.

   Men han møtte også voldsom motstand, blant anna frå Anders Wyller, ein av grunnleggarane av Nansen-skolen på Lillehammer, som meinte Nordahl Griegs kritikk av humanismen i seg sjølv var med på å fremme nazismens sak: Grieg og hans meningsfelle forutsetter ond vilje og ond lyst hos alle motstandere. Derved skaper de også ond vilje og ond lyst, de vekker til live forbitrelse og blind motstand, de blir fabrikanter av innett nazisme.

   Det var ein alvorleg og kvalifisert kritkk, og det vil alltid bli ståande som uforståeleg at Nordahl Grieg ikkje var i stand til å vera lydhøyr for denne kritikken, men i staden distanserte seg frå den.

Nordal Grieg tar i dei siste åra før krigen uavlateleg til orde for ein antifascistisk frontpolitikk, ein allianse mellom Sovjetunionen og vest-maktene, og ei klar haldning mot Tyskland, som skal avløyse han kallar drømmenøytraliteten, som er utanriksminister Kohts politiske linje.

Han skulle snart få store problem med sin posisjon. I Moskva blir det slutta ei pakt mellom utanriksministeren i Sovjet, Molotov, og Hitlers utanriksminister Ribbentrop. Nordahl Grieg forsvarer pakta fordi han meiner den kjem som eit svar på dei resultatlause forhandlingane mellom vestmaktene og Sovjet, som kunne ha ført til at Hitler ville vendt våpena sine mot aust. Men pakta førte også til at dei baltiske statane vart innlemma i Sovjetunionen. Og ikkje berre vart dei baltiske statane ofra, det gjorde også medlemmene av det tyske kommunistpartiet, som i store flokkar hadde flykta til Sovjetunionen, men no vart utleverte til den grufulle skjebnen som venta dei i Tyskland.

Diktaren frå Hop ved Bergen var no meir upopulær enn nokon gong. Forholdet til broren, Harald Grieg, segnomsust forleggar i Gyldendal, vart også svært dårleg etter at Sovjetunionen gjekk til angrep på Finland i 1939 og Harald vurderte å melde seg som frivillig.

Nordahl Grieg vart som heimehøyrande i Alta bataljon kalla inn til nøytralitetsvakt i Finnmark i 1939. Ved årsskiftet 1939-1940 var situasjonen mørkare enn nokon sinne i Finland, og Nordahl Grieg fekk insinuante spørsmål i avisene frå folk som ville vita kvar han, kommunistsympatisøren, hadde tankane sine no. Vennene hans, advokaten Viggo Hansteen og redaktør Richard Brodin i Vadsø hadde no fått nok og melde seg ut av kommunistpartiet, Arnulf Øverland skreiv artiklar der han som tidlegare hadde vore sympatisk innstilt til Sovjetregimet tok avstand frå det. Det kunne vera på tide, skreiv ei norsk avis, å få vita korleis Nordahl Grieg stilte seg. Men han var det ingen som høyrde noko frå.

Saka var at diktaren var soldat og kunne ikkje svare, før det var langt under jul. Da han fekk spørsmålet, var den militære avdelinga han tilhørte underlagt den strengaste sensur. Han skreiv da at ein anstendig redaktør ikkje burde angripe folk som ikkje hadde høve til å forsvare seg fritt. Men han svarte i artikkelen Hvor mine tanker er:

Bladet melder at forfatteren Øverland har vært mandig nok til å ta avstand fra Sovjet-Unionen og erklære at hans tanker, som alle nordmenns tanker i dag er hos Finland.

Nå anmodes jeg om en lignende erklæring, idet bladet visstnok synes at dette hører med til en nøytralitetsvakts plikter. Jeg skal innskrenke meg til å uttale at mine tanker er i dag der hvor øyensynlig meget få borgerlige journalisters tanker er, nemlig hos det arbeidende norske folk som vil ha fred.

Så var nøytralitetsvakta over, han reiste til garden Gunstad i Ringebu, der han så mange gonger hadde funne ro etter alle strabasar. Den 6. april 1940, ein laurdag, reiste han til Oslo for å gå til tannlegen, og han hadde dessutan ærend til teatersjef hans Jacob Nilsen som skulle lese det nye teaterstykket hans om Wergeland. Om natta til den 9. april overnatta han på hotell Continental. Da han åt frukost saman med venninna si, skodespelarinna Gerd Egede Nissen, kom det ein tysk offiser inn i vestibylen og spurde etter herr Quisling og etter herr Hagelin, som begge oppheldt seg på hotellet.

Nordahl Grieg gjekk opp til Wergelandveien for å melde seg til teneste hos krigskommisæren, men fann berre ein lapp på døra der det stod at ingen opplysninger om mobilisering gis her. Han hadde tannlegetime litt lenger utpå formiddagen, og da tannlege Lossius gjekk til vindauget og sa: Nei dæven, der kommer tyskerne gitt! kunne han med eigne auge sjå at tyske soldatar marsjerte ned Drammensveien.

Nordahl Grieg drog via omvegar tilbake til Ringebu. Han kom dit den 11. april. Ein av dei neste dagane skreiv han brev til lensmannen i Ringebu, opplyste om sine vernepliktsforhold og bad om å få vita kvar han skulle melde seg. Men han fekk ikkje noko svar, lensmannen sende brevet vidare til krigskommisariat Oppland, og 14. april vart han endeleg innkalla til Jørstadmoen. Der fekk soldatane hundre patronar og beskjed om å ta med seg mat for to dagar. Eit tog vart sett opp på Lillehammer stasjon og soldatane skulle følgje med som eskorte. Slik kom Nordahl Grieg til å bli mannskap på den mest berømte togferda gjennom Gudbrandsdalen, transporten av gullet frå Norges Bank, og gjekk til Åndalsnes og sidan til Molde. I Molde vart gulle lasta om bord i ei rekke store og mindre skip og frakta nordover langs kysten, medan tyskarane bomba byen og kongen søkte tilflukt i skogen ovanfor byen. Klokka åtte om morgonen den 9. mai kom dei til Tromsø. Soldaten Nordahl Grieg måtte hugse at han også var diktar.

  1. mai las han frå Tromsø radio det diktet som for alle tider skulle gi han ry som Norges fremste krigsdiktar:

Les:

17.mai 1940, Samlede dikt s. 139

I dag står flaggstangen naken…

 

Nokre dagar seinare vart gullet frå Norges bank tatt om bord i ein engelsk kryssar, og Nordahl Grieg følgde transporten til England.

Det var kanskje på det aller mørkaste tidspunktet i Norges historie: Dei norske styrkane hadde kapitulert, regjeringa var tvinga til å halde fram med kampen frå utanlanbdsk territorium. Dette skulle bli kunngjort på ein pressekonferanse i den norske legasjon i london, og Nordahl Grieg gjekk dit.

Men minister Erik Colban nekta han adgang fordi han var kommunist og fordi han ikkje hadde uniform.

Frå denne dagen fører Nordahl Grieg ein kamp ved sida av den kampen som er Norges kamp: Han kjempar for å finne sin plass blant dei kjempande. Han som hadde vore menig soldat og avansert til fenrik under nøytrali-tetsvakta i Finmark stod no utan militær grad og utan avdeling som han høyrde til. Han trua med å gå til engelskmennene og melde seg som frivillig, men vart på det sterkaste frårådd å finne på noko slikt. Han ville så til Canada for å gå inn i styrkane der, men den norske legasjonen bad han innlevere passet sitt.

Det var utanriksminister Koht, hans gamle motstandar, som no gav Nordahl Grieg og hans Gerd, som han hadde gifta seg med, stillingar som propagandistar direkte under Utanriksdepartmentet, og eit år etter at han kom til London, fekk han endeleg norsk uniform på ny.

Men som norsk krigsmann var det lite han fekk utrette, syntest han, det einaste han kunne gjera, var å skrive.

 

Godt år for Norge, Samlede dikt s. 147.

 

I begynnelsen av januar 1941 reiste han til den norske treningsleiren i Dumfries, og seinare reiste han med Gerd Egede-Nissen til Amerika, der han blant anna møtte president Roosevelt. Han kom også til den norske leiren i Canada, Little Norway, ved Toronto. I alle desse samanhengar var han no den fremste diktarrepresentanten for det kjempande Norge. På våren i 1942 fekk han vera med på tokt over Norge. Han fekk reise til Island og Jan Mayen. Det var mange som hadde ei mindre intens krigshistorie enn Nordahl Grieg.

Likevel følte han ikkje han fekk vera med i krigen på den måten som han ønskte. Eit brev frå hausten 1943 til statsråd Sten Nilsen, som i si tid hadde spurt om Nordahl Grieg var verdig til å tale til det norske folk, viser kva for ei stemning som omgav han. I dette brevet slår Nordahl Grieg fast at han aldri hadde vore medlem av noko kommunistisk parti, men at han frå Spania-krigens dagar ( og før det) hadde hatt ei uforsonleg antinazistisk haldning. Jeg vil helt enkelt gi uttykk for at jeg ikke deler den opfatning som finnes i store kretser i London, nemlig at det er så meget bedre å ha en pronazistisk enn en anti-nazistisk fortid, og hvis dette rådende livssynet opblandes med noen insinuasjoner om min tidligere virksomhet, kommer jeg til å forlange at det jeg har gjort, og det man nu gjør mot mig, skal prøves av landsmenn i et fritt Norge.

Men det frie Norge skulle han aldri koma til å sjå igjen.

Han skreiv diktet Den menneskelege natur, der han prøvde å skildre den kampen på liv og død som no vart ført på mange frontar for å knuse fascismen, ikkje minst at flygarane i Royal Air Force som kvar natt gjekk med sine bombelaster inn over Tyskland. Han skildra desse tokta, slik som flygarane fortalte om det, og han skildra dei godt.

Les

Frå den menneskelege natur, Samlede dikt s. 250-255.

 

Men han var ikkje fornøgd med dette. Han prøver gong etter gong å få ordna det slik at han kan bli med på eit bombetokt over Berlin, slik som så mange av journalistane i London drøymde om. Han fekk fleire gonger nei frå regjeringa og utanriksminister Trygve Lie, dei ville ikkje søtte søknaden hans, og meinte han gjorde meir nytte for seg som levande diktar enn som død krigshelt. Han trua med at han ville vende seg direkte til Royal Air Force. Til slutt, i juli 1943, fekk han Trygve Lies velsigning.

Det skulle enda bli nesten eit halvt år å vente. I slutten av november fekk han etter alt å dømme vita at det kom til å ordne seg med tokt over Berlin. Den 2. desember fortalte han det norske ekteparet Ellinor og Helmer Dahl som budde i Surrey at han hadde fått lov til å bli med eit britisk bombefly. No var han ikkje lenger nedslått og mismodig, han var opprømt. Somme har prøvd å gjera det til at Nordahl Grieg hadde ein sterk dødslengsel heile livet, og at dette også var bakgrunnen for at han frivillig søkte døden over Berlin. Dette er ein heilt grunnlaus påstand. I denne samanhengen var Nordahl Grieg diktar og krigskorrespondent og i pakt med den rådande yrkeskodeks tok han ein kalkulert risiko, med den erklærte ambisjon at han ville skildre frå den hardaste kampavsnittet med det mål å styrke motstanden. Det var vanleg med ein taps-rate på under tre prosent og altså ein rimeleg god sjanse for å koma levande tilbake.

Generalmajor Johan Christie, som eg hadde den ære å få snakke med før han døde, kunne hugse denne kvelden godt. Det hadde vore tre netter utan raid før denne kvelden. Mannskapet kom til skvadronområdet i tida rundt solnedgang, og Nordahl Grieg gjekk om bord i eit Lancaster bombefly med ei besetning på sju personar, han var altså sjølv den åttende.

Det var tett tåke over flyplassen i Yorkshire, og ein høg skyformasjon over Nordsjøen som måtte forserast. Ei rekke fly fekk problem med ned-ising og bortimot ein tiandedel av styrken vende heim med uforretta sak.

Det dårlege veret heldt fram over Nederland og Tyskland, med skiftande vindar som forstyrra navigasjonen. Mange fly kom ut av kurs. Stifinnarane som dei kalla dei som gjekk først, skulle gå over ei rekke av byar, Stendal, Rathenow og Nauen, men tok feil av radarsignal frå andre byar, og kom femten mil sør for det eigentlege målet. Dei tyske forsvars-styrkane drog fordel av at det gjekk relativt lang tid før alle flya nådde målet. Ei rekke fly, i alt 9, 4 prosent av styrken vart skotne ned. Blant dei var flyet med den norske forfattaren Nordahl Grieg.

Her enda lenge alle spor etter Nordahl Grieg, og ingen visste kva som nøyaktig hadde skjedd, før ministerråd Jervell ved den norske ambassa-den i Berlin og hans medarbeidarar tok til å undersøke historia på nytt.

Det viste seg da at det fanst spor etter dei siste minutta i Nordahl Griegs siste reise.

Lancasterflyet kom inn over den vesle tyske byen Kleinmachnow frå søraust, kvitta seg med fosforbombene det hadde om bord, og skulle også sleppe ei stor antiluftskytsbombe før det vende tilbake til London. Men flyet vart råka av antiluftskytset, som på dette tidspunktet av krigen var bemanna av Hitlerjugend på fjorten til seksten år. Flyet gjekk i ein stor sving og tapte høgde før det vart kvitt den siste bomba, og mannskapet rakk ikkje hoppe ut i fallskjerm fordi bombesjaka også var den einaste fluktvegen. Den eine flyvengen vart riven av og hamna i Teltow-kanalen.

Sjølve flyskrotten fall ned på den andre sida av elva, i eit område med bøkeskog like ved Hakeburg slott.

Eg har vore i området. Krateret etter bombelfyet visest enno, og dei store trea som den gongen var unge tre, vitnar med skader i toppen om Nordahl Griegs siste ferd.

Sju besetningsmedlemmer vart identifiserte, den åttande hadde ingen papir på seg, men var også i uniform. Alt tyder på at dette var den norske forfattaren Nordahl Grieg som hadde tatt på seg å skrive om toktet for ei engelsk avis, venteleg The Guardian.

Da Nordahl Griegs Samlede dikt kom ut siste gong i 2002, fekk eg lov til å skrive eit etterord, og der karakteriserer eg hans krigsdikt på denne måten: Tida er nådelaus mot det meste, men Nordahl Griegs dikt frå krigen blir med oss inn i det 21. hundreåret fordi dei er truverdige og gyldige. Dei talar til oss i eit tonefall som det ikkje er lett å overhøyyre og kjem i eit ærend som det ikkje er lett å avvise, nemleg at det finst menneskelege verdiar som det er verdt å leva for, og døy for. Men når deig jer så sterkt inntrykk, er det også av ein annan grunn: Dei har ein djupt personleg og naken grunntone. Dei blir ein tidlaus song om døden og om livet, om barndommen og den gamle verda, der alt er i sitt rette gjenge, og som i barbariets tidsalder viser seg å vera så dyrebart. Forfattaren skriv om det som alle menneske lengtar etter og håpar på, og slik blir han mann for sitt ord.

Gjennom heile Nordahl Griegs forfattarskap manifesterer han eit alvor i si søking etter det som er verdt å elske i livet, som gjer at orda hans framstår som om dei kjem frå eit menneske heilt nær oss.

Nordahl Grieg vart til slutt gravlagt på eit område der det sidan vart bygd ein stor motorveg, og det har ikkje lykkast, og vil neppe lykkast å identifisere dei siste leivningane hans. Frå mitt synspunkt er det ikkje avgjerande at han blir ført heim. Det avgjerande er at minnet om han, og det som han gav i avgjerande år for Norge, ikkje blir gløymt, heller ikkje den oppfordring som han gav i den menneskelege natur, som rettar seg direkte til oss:

Reis ingen monumenter.

La akrer som aldri har sett oss,

                                   og gamle kvinner i solen

                                   og unger som leker, og bjørker

                                   som usåret løfter sitt lysslør

                                   være vår evighet.

Men dere som lever må våke

                                   Over den fred vi skimtet

                                   I naboskapet av døden (….)

                                   Bli fremfor alt ikke trette

                                   Slik mennesker blir etter kriger..(..)

                                   Vi som er tapt i natten

                                   Vi drømte, vi trodde, vi håpet.

                                   Og ingen var trette som vi.

 

Edvard Hoem

Litteratur:

Edvard Hoem: Til ungdommen. Nordahl Griegs liv. Gyldendal, Oslo 2. utg. 2002.

Nordahl Grieg: Samlede dikt. Siste utg. Gyldendal, Oslo 2002

Skriv ut