Resymé av innledning til diskusjonsaften
i Oslo Militære
Samfund
mandag 2. februar 2004
ved
Brynjar Lia
Seniorforsker
Forsvarets Forskningsinstitutt
Terrorisme kan
og bør bekjempast gjennom mange parallelle tiltak der nokre tiltak
tek sikte på kortsiktig beskyttelse, avverging og
konsekvenshandtering, medan andre tiltak søker å endre på
underliggjande årsaker til at terrorgrupper er i stand til å
rekruttere og vinne tilhengjarar. Eit hovudproblem er at kortsiktige
og langsiktige tiltak ikkje alltid let seg foreine og at streng
antiterrorlovgiving, hardhende politiaksjonar og militære
operasjonar ofte fører til auka sympati og oppslutning om
terrorgrupper. Dette dilemmaet blir ytterlegare aksentuert ved at
dei statane som i dag opplever å vere mest utsette for terrorisme,
som f eks USA, Israel, Russland, manglar politisk vilje til å endre
dei politiske motivasjonsfaktorane for internasjonal terrorisme.
Dagens internasjonale terrorisme dominert av al-Qaida og den radikale islamismen. Det finst mange politiske forklaringar på al-Qaidas framvekst: Afghanistan-krigen, Gulfkrigen, USAs stasjonering av styrkar i Saudi-Arabia, "beleiringa" av Irak etter 1991 etc.
Det er imidlertid ei rekkje underliggjande strukturelle tilhøva som kan forklare styrken og den globale rekkjevidda til al-Qaida, samt oppslutninga om al-Qaidas ideologi. Den viktigaste faktoren er sannsynlegvis framveksten av eit semi-globalisert USA-dominert verdssystem der nord-sør aksen no overskyggar den gamle aust-vest skiljelinja, der det ikkje lenger finst statlege motmakter til "imperiemakta" USA og der teknologiutviklinga har ført til ei maktforskyving frå staten til ikkje-statlege transnasjonale aktørar.
Grunnen til at motkreftene til det nye verdssystemet i så stor grad får eit valdeleg uttrykk i den radikale islamismen - og ikkje ei hovudsakleg ikkje-valdeleg form som i den vestlege anti-globaliseringsrørsla - heng saman med fleire faktorar: (i) det ideologiske og politiske fellesskapet mellom "settlarstatene" USA og Israel, (ii) brutale borgarkrigar og okkupasjonsregimer (Bosnia, Tsjetsjenia, Algeria, Kashmir, Irak) der muslimar var/er part og offer, og mangelen på demokratisering i den arabiske verda.
Drivkreftene til dagens internasjonale terrorisme vil ikkje bli borte utan at desse faktorane endrar seg. Mest fundamentalt treng vi ei reorientering i USAs utanrikspolitikk vis-a-vis Israel og arabarstatane, ei fredsløysing på konfliktane i Palestina, Kashmir, Tsjetsjenia og Irak, samt ei massiv statsbyggjande innsats i den tredje verda for at statar, ikkje krigsherrar og opprørsgrupper, igjen kan bli dei dominerande aktørar i internasjonal politikk. Det er dessverre ønsketenking av desse faktorane skal endre seg i åra framover. Derfor vil den internasjonale terrorismen sannsynlegvis forbli ei av våre største tryggingsutfordringar.
__________________________________
Last ned
Alle rettigheter: Oslo Militære Samfund Myntgaten 3,
0151 Oslo - Ansvarlig redaktør: Kommandørkaptein Tor Egil Walter - Formann Oslo
Militære Samfund
Webmaster: Stig Morten Karlsen
